Kjære lyttar!

Velkommen til lawostore.no – den norske nettbutikken for deg som elskar klassisk musikk! Butikken er eigd av Lawo Classics AS, som er Noregs leiande klassiske plateselskap. I tillegg til denne nettbutikken har me i samarbeid med Oslo-Filharmonien ein fysisk platebutikk i Haakon VIIs gate 2 i Oslo, som opna oktober 2015. 

Me kan mellom anna tilby så godt som alle titlar frå norske klassiske plateselskap, og planen er at vi i løpet av året vil ha mer enn 30.000 titler tilgjengelige i nettbutikken, og rundt 12 000 i butikklokalet. Vårt mål er å kunne tilby dei fleste europeiske utgjevingane innan klassisk musikk på CD, SACD og DVD til våre kunder i Noreg – til konkurransedyktige prisar. Vi har allereie mykje, og kan skaffe det meste. Send oss gjerne ein e-post om du ikkje finn det du leitar etter.

I Haakon VIIs gate vil me i tillegg til å selje plater arrangere gratis minikonsertar, plateslepp og signeringar. Følg oss gjerne på facebook for oppdateringar om arrangement.

Me som står bak butikken er ei lita, men entusiastisk, gruppe menneske med stor kunnskap om – og lidenskap for – klassisk musikk, og me er glade for å kunne tilby klassisk musikk av beste kvalitet til andre musikkelskarar.

Ta kontakt med oss her dersom du har spørsmål, innspel eller kommentarar, og me vil svare deg så raskt me kan. 

Musikalsk helsing

LAWO Store